“Småkraftutbyggarane – pionerar i lokalsamfunnet” – stortingsrepresentant Bjørn Lødemel

Eg har hatt gleda av å vere med i energi- og miljøkomiteen. Det har vore svært interessant og lærerikt. Vi har hatt mange saker som har hatt tilknyting til småkraftnæringa, og det har vore kjekt å treffe mange representantar for næringa gjennom dette arbeidet.


For Høgre er småkraftnæringa ei viktig næring. Den skapar verdiar i lokalsamfunnet gjennom utnytting av fornybar energi og den bidreg til at Norge kan nå sine klimamål. Småkraftutbyggarane er på mange måtar pionerar i lokalsamfunnet. Dei vågar å satse, og dei står på for å utnytte dei ressursane som er tilgjengelige lokalt. Dette står det stor respekt av!

Høgre har jobba for å gjere det lettare og meir lønsamt med småkraftutbygging. Det vil vi også gjere i framtida. I denne perioden har vi føreslege å heve innslagspunktet for grunnrenteskatt til 10 MW, og vi har auka løyvingane til NVE for å få redusert sakshandsamingstida.

Slik det ser ut no, vil det bli eit betydeleg kraftoverskot i Norge i framtida. Det er derfor viktig at vi innrettar oss slik at denne krafta kan utnyttast på ein god måte. Det kan vere å vidareutvikle kraftkrevjande industri i Norge, som er den reinaste i verda, og det kan vere å ha ei fornuftig utbygging av utanlandsforbindelsar. Ein kombinasjon av desse føremåla vil truleg vere den beste. Norsk vasskraft kan spele ei stor og viktig rolle i kraftforsyninga i Europa framover, og rein fornybar energi vil alltid vere ei god og viktig salsvare for Norge.

Eg ønskjer å legge til rette for ny utbygging av småkraft også i framtida og ønskjer for eksempel at ein skal kunne bygge ut inntil 3 MW i verna vassdrag. Eg er også open for å kunne vurdere større utbyggingar i verna vassdrag dersom det kan gjerast utan at det går ut over vernegrunnlaget og verneverdiane.

Det er viktig å legge til rette for ein politikk som gjer at det er lønsamt å utnytte dei viktige ressursane som grunneigarane og småkraftutbyggarane rår over. Eg ønskjer å legge til rette for ei vidare ubygging av småkraft i tida framover, og vil derfor ha stort fokus på gode og føreseielege rammevilkår for småkraftnæringa.